Selskapslokale, bord med pynt

Leige av selskapslokale

Selskapslokala på Førde Gjestehus og Camping høver til arrangement i alle storleikar. Om ønskjeleg kan kjøkkenet nyttast, og vi tilbyr catering gjennom vår lokale samarbeidspartnar.

Hos oss kan heile følgjet overnatte. Ei sentral plassering gjev grunnlag for varierte turar og opplevingar rett i nærleiken. Vi tilbyr i dag leilegheiter, hotellrom, og hytter av høg standard og komfort, i alle prisklassar. Til større grupper tilbyr vi også frukost.

Bryllup

For mange er eige bryllup største dagen i livet, og ein dag der slekt og vener samlast. For dei som ønskjer fest og billeg overnatting i eitt, er Førde Gjestehus og Camping perfekt. Vi leverer ei komplett bryllupsfeiring.

Konfirmasjon

Førde Gjestehus og Camping har gode og veleigna selskapslokale, som i årevis har vore brukt til konfirmasjonar. Vi skreddarsyr ein pakke slik akkurat du vil ha den, og tilbyr rimeleg overnatting til dei som treng det.

Dåp og namnefest

Barnedåp eller namnefest er ein stor dag for familie og vener. Selskapslokala våre eignar seg godt til samankomst etter seremonien, og vi har rikeleg med parkering til gjestane. Kontakt oss for eit skreddarsydd opplegg.

Jubileum

Selskapslokala med plass til 130 gjester er midt i blinken for å markere store dagar. Vi hjelper med alt som trengs for å få ei minnerik stund. Lokala har prosjektor, og lydanlegg med trådlaus mikrofon og mygg.

Slektstreff

Til slektstreff er Førde Gjestehus og Camping eit naturleg og trygt val, der slekta kan vere samla under heile samankomsten. Vi skreddarsyr gjerne ein rimeleg pakke med overnatting, mat og selskapslokaler sentralt i Førde.

Minnestund

Lokala hos Førde Gjestehus og Camping er godt eigna til ei verdig minnestund etter gravferd eller bisetjing i rolege og landlege omgjevnader. Vi tilbyr matservering, lydanlegg og har rikeleg med parkeringsplassar. Kontakt oss for eit skreddarsydd opplegg.