Ring oss/Call us: 46 80 60 00
Kronborgvegen 44, 6813 Førde, Se på kart/Map

Konferanse og selskapslokale

LEIGE AV SELSKAPSLOKALE:

Selskapslokala på Førde Gjesehus og Camping er eigna til ulike arrangement i alle størrelsar. Lokala kan leigast med eller utan disposisjon av storkjøkken og vi tilbyr catering gjennom vår lokale samarbeidspartnar dersom du ynskjer dette. Ein av fleire fordelar ved å nytte oss er at vi også har gode overnattingsfasilitetar for følgjet og ein svært sentral plassering. Dette gjer grunnlag for utallige turmolegheiter og opplevingar for følgjet rett i nærleiken. Campingplassen tilbyr i dag leilegheiter, hotellrom, og hytter av høg standard og komfort og har eit tilbod i alle prisklassar.

Sjå kva selskapslokala egnar seg til (klikk her)

checkBryllaup

Kanskje den største dagen i livet for dei fleste av oss og ein dag der slekta samlast frå heile landet. Mange føretrekk i dag å ha heile følgjet og avhalde bryllaupsfesten på ein og same plass og såleis er Førde Gjestehus og Camping eit naturleg val. Her kan gjestane bu, medan dei har kort veg til kyrkja, selskapslokalet, byen og alle attraksjonane i Sunnfjord. Lokala kan leigast med eller utan disposisjon av storkjøkken og gjennom eit lokalt cateringfirma tilbyr me ein komplett feiring med mat og drikke.

checkKonfirmasjon

Har du ein konfirmant i familien og er på jakt etter lokale til festen? Førde Gjestehus og Camping har selskapslokale som har blitt brukt til konfirmasjon i mange år. Vi skreddarsyr ein pakke til deg ut frå dine behov og ynskjer og skulle gjestane ha behov for overnatting er vegen kort til leilegheiter, hytter og rom av høg standard. Lokala kan leigast med eller utan disposisjon av storkjøkken og med tilbyr catering gjennom vår lokale samarbeidspartnar dersom du ynskjer det.

checkDåp

Barnedåp er ein stor dag for familien men vener. Selskapslokala våre eignar seg godt til samankomsten etter kyrkja og vi har rikeleg med parkering til gjestane. Kontakt oss for eit skreddarsydd opplegg.

checkJubileum

Dersom det er ein stor dag som skal markerast, ein bryllaupsdag som skal heidras eller ein 40, 60 og 80 års dag som skal feirast, så er selskapslokala vår godt egna til dette føremålet. I våre lokalar får vi plass til opp mot 60 personar og vi er behjelpeleg med det som trengs for ein minnerik markering. Vi har lokale med tilgang til prosjektor og lydanlegg med mikrofon og AUX-kabel.

checkSlektstreff

Når slektstreffet skal planleggjast og behov for overnatting, mat og selskapslokale må dekkast, er Førde Gjestehus og Camping eit naturleg og trygt val. Ikkje berre har vi dei fasilitetane du treng, men vi ligg sentralt og med den gode plassen kan gjestane få bu samla samstundes som dei har kort veg til det meste. Ta kontakt for spørsmål eller for eit skreddarsydd tilbod.

 

KONTAKT OSS IDAG FOR EIT SKREDDESYDD TILBOD.

LEIGE AV KONFERANSELOKALE:

Førde Gjestehus og Camping tilbyr og utleige av konferanserom til bedrifter, lag og organisasjonar i heile Sogn og Fjordane. Våre konferanselokale er eigna som eit møterom for to personar eller ei større formsamling. Vi har flotte lokale i ulik størrelse, tilrettelagt med projektor, lydanlegg, konferansebord, flipover, tavle osv. Lokala kan leigast med eller utan disposisjon av anrettningskjøkken, men dersom du ynskjer servering av mat og drikke er vi behjelpeleg med dette gjennom våre lokale samarbeidspartnarar. Treng du overnatting i Førde til deltakarane ordnar vi sjølvsagt dette til ein gunstig pris.

Sjå ka konferanselokala egnar seg til (klikk her)

checkArrangere kurs og konferanse?

Skal du arrangere eit kurs og treng kurslokale og overnatting, så har Førde Gjestehus og Camping dei fasilitetane som trengs. Om det er eit dagsturs eller eit kurs over fleire dagar så har vi lokala til disposisjon for små og større grupper. Kontakt oss for ein prat og eit skreddarsydd tilbod.

checkArrangere blåtur/teambuilding?

Skal du arrangere ein blåtur er Førde Gjestehus og Camping eit godt val. Våre samarbeidspartnarar tilbyr actionfylte aktivitetar og opplevingar medan følgjet bur hos oss. Vi tilbyr overnatting i Førde i komfortable hytter og leilegheiter. Kanskje fristar det med ein lavo nede ved elva Jølstra?

checkSkal du ha møte i organisasjonen/lokallaget?

Dersom ein organisasjon eller eit lokallag treng plass til å avhalde styremøter, årsmøter, klubbmøter og liknande, så stiller Førde Gjestehus og Camping lokala til disposisjon for ein god pris. Alle fasilitetar er tilgjengelig og oppmoder interesserte i å ta kontakt med oss for ein prat.

checkTeknisk utsyr tilgjengeleg

• Projektor og lerret

• Overhead, whiteboard og flipover

• Moglegheit for kopi og faks

• Tv og video

• Gratis trådlaust nettverk

checkMat og drikke

• Kaffe, te og mineralvann

• Fruktservering

• Moglegheit for catering gjennom vår samarbeidspartnar

checkOvernatting

• Hytter

• Leilegheiter

• Rom

• Camping

KONTAKT OSS IDAG FOR EIT SKREDDESYDD TILBOD.