Ring oss/Call us: 46 80 60 00
Kronborgvegen 44, 6813 Førde, Se på kart/Map

Leiligheiter og rom med kjøkken

Sjølv om vi i hovudsak er ein campingplass er vi er stolte av å kunne tilby våre gjestar moglegheita til å overnatte i hotellrom eller flotte ferieleiligheter.

I 2011 fullførte vi eit nybygg med 6 tre roms leiligheter, med flislagt bad, kjøkken med induksjonstopp/steikovn, kaffitraktar, oppvaskmaskin og mikrobølgjeomn. Stua er møbelert med ein skinnsofa som kan slås opp til ei dobbeltseng, eit stort spisebord, ein 40 tommers flatskjerm og breiband.

I samme bygget har vi også fire rom m/kjøkken, flislagt dusj/wc, tv og breiband. Alle fire romma har balkong.

Prisliste

* pris per natt for 2 personer

Sesong Leilighet
1. jan 2017 til 30. april 2017 1265 NOK
1. mai 2017 til 30. april 2018 1305 NOK

* Eit persontillegg på 180 norsker kroner per natt for grupper større  enn 2 personar. (Prisane justerast 1. mai kvart år). Utvask og sengetøy er inkludert i prisane. Leiligheitane har sovekapasitet til 6 personer totalt.

Langtidsleige

Dersom du ynskjer langtidsleige av hytter og leilegheiter oppfordrar vi deg til å kontakt oss så snart som mogleg. Leilegheitene og hyttane er populære hos studentar og arbeidstakarar då dei har fasilitetar som imøtekjem dagens standard og meir til. Andre prisar gjeld for langtidsleige.

BOOK DITT OPPHOLD HER  

Visste du at

Vi er eit av dei mest besøkte overnattingsstadane i Sogn og Fjordane! Vår sentrale plassering mellom by, fjord og fjell gjer at vi ligg midt mellom mange attraksjonane i fylket vårt. Oppskrifta på ein vellukka ferie er å overnatte på Førde Camping medan ein opplever den flotte Sunnfjordsnaturen.