Hotellpute og sjokolade

Gjestehus

Du treng ikkje å komme i ein campingbil eller campingvogn for å bo på Førde Camping. I tillegg til hytter og leilegheiter kan vi også tilby utleige av hotellrom. Dette er eit godt alternativ dersom du ønskjer eit enkelt, billigt og godt overnattingsalternativ i Førde.

Desse romma har alt det nødvendige som seng, kommode, bad/wc og klesskap.

Prisar

  • Enkeltrom m/dusj og WC
    565 NOK
    1. januar 2018 til 1. januar 2019
  • Dobbeltrom m/dusj og WC
    795 NOK
    1. januar 2018 til 1. januar 2019

185 NOK per ekstra person (Prisane justerast årleg 1. januar).

Langtidsleige

Dersom du ynskjer langtidsleige av hytter og leilegheiter oppfordrar vi deg til å kontakt oss så snart som råd er. Leilegheitene og hyttane er populære hos studentar og arbeidstakarar då dei har fasilitetar som imøtekjem dagens standard og meir til. Rabattar for langtidsleige gjeld allereie frå to netter.