Camping

Sjølv om vi har mange overnattingsmoglegheiter her på Førde Gjestehus og Camping, er det sjølvsagt campingturistane som set størst preg på området. Vår sentrale plassering mellom dei store attraksjonane gjer at mange turistar vel å benytte Førde Camping som utgangspunkt for opplevingar i Sunnfjord.

Området vårt er godt egna til å ta imot små og store bilar/vogner og gjestane har valet mellom parkering med eller utan straum. Vi har sanitæranlegg med dusjar og wc, handikaptoalett m/dusj, eit kjøkken og eit vaskerom med vaskemaskiner og tørketrommel.

Dersom du ynskjer å sove i telt har me fleire isolerte plassar nede med elva for dei som føretrekk ein meir privat setting. Elva Jølstra renner rett gjennom campingplassen og skaper difor mange flotte overnattingsstadar for dei som ynskjer å sova i telt.

Prisar bubil/campingvogn

* Pris per natt.

  • Oppstillingsplass utan straum
    280 NOK
    1. januar 2018 til 1. januar 2019
  • Oppstillingsplass med straum
    325 NOK
    1. januar 2018 til 1. januar 2019

Maksdøgnpris 385 NOK

Dagsbesøk 100 NOK

Eit persontillegg på 35 norsker kroner per natt for grupper større enn 2 personar.

(Prisane justerast 1. januar kvart år).

Prisar telt

* Pris per natt.

  • Sykkel m/telt 1 person
    165 NOK
    1. januar 2018 til 1. januar 2019
  • Sykkel m/telt 2 personar
    200 NOK
    1. januar 2018 til 1. januar 2019

Eit persontillegg på 35 norsker kroner per natt for grupper større enn 2 personar.