Ring oss/Call us: 46 80 60 00
Kronborgvegen 44, 6813 Førde, Se på kart/Map

Heimtur

Heimtur

Øyvind Gjesdal

Øyvind Gjesdal

Sunnfjord Golfklubb

Sunnfjord Golfklubb

Jølster Rafting

Jølster Rafting

Terje-Rakke

Terje-Rakke

Terje-Rakke

Terje-Rakke

NMK Sunnfjord

Jølster Rafting

Fjordkysten

Aktivitetar og attraksjonar i området:

Førde Gjestehus og camping er eit perfekt utgangspunkt for ein ferie full av moro, spenning og gode opplevingar. Vår sentrale plassering mellom by, fjord og fjell gjer at du har kort veg til dei fleste og dei største attraksjonane i Sogn og Fjordane. Fjella rundt campingplassen inviterar til utallige fotturar i fjellheimen og når du først er i området kan du prøve ut det mykje omtala Hafstadfjellet opp. I Sunnfjord finn du elvene Jølstra, Gaula og Nausta som alle er populære destinasjonar for laksefiskarane og andre turglade. I tillegg fins det mange vatn for dei med fiskelukke.

Vi har nedanfor laga ei lita oversikt over dei ulike aktivitetstilboda rundt campingplassen og håpar dette kan være til hjelp for å planleggje den perfekte ferien i Sunnfjord.

checkFantastiske turmoglegheiter i nærleiken

Sunnfjord har ein fantastisk natur og noko av det beste Noreg har å by på av turmoglegheiter. Utallige fjellvatn, lange fjordarmar, høge fjell og fossar gjør Sunnfjordsnaturen til eit Mekka for dei som er glad i friluft og har ein aktiv livsstil. Den norske turistforeininga har laga ei god oversikt over dei mest populære turområda i regionen. Jostedalsbreen nasjonalpark, bremusumet og bokbyen i Fjærland ligg kun ein times køyring unna og er alle populære stoppestader.

checkSpenning, fart og moro

Dersom spenning, fart og moro er meir i di gate, tilbyr våre samarbeidsparterar ein heil rekke tilbod som skulle tilfredsstille dei mest kresne av våre gjestar. Gokart, paitball, rafting, elvepadling med meir er bare eit lite utdrag av aktivitetar du og følgjet ditt kan være med på. Dersom du har spørsmål eller ynskjer meir informasjon om kva aktivitetar som er i området er det bare å kontakte oss.

checkShopping

Mange kommer til Førde for å besøke det største handelssenteret i Sogn og Fjordane. Butikkane er mange, store og har det største utvalet i heile regionen av butikkar. Førde Gjestehus og Camping ligg veldig sentralt plassert i byen, samstundes som campingplassen er skjerma mot det stressande og trafikkerte bylivet. Det er kort veg til matbutikk og det er berre to km til Førde sentrum.

checkInneaktivitetar

Skulle du være uheldig med været og uteaktivitetar ikkje fristar, så har Førde ei rekke tilbod for den som ynskjer å halde seg inne. Symjehallen i Førdehuset er ein populær plass heile året for både store og små. Vassklia på 38 meter, eget barnebasseng og badstua gjer dette til eit tilbod for heile familien. Av andre aktivitetar kan vi nemne bowling, kino og bibilotek.

checkMuseum og galleri

Dersom du er blant dei som likar kunst og nyttar tida på museum så ligg dette kort veg frå sjølve campingplassen. Sogn og Fjordane Kunst Museum har i dag ansvar for omlag 4000 kunstverk og har ei rekke utstillingar av lokale, regionale, nasjonale og internasjonale kunstnarar. Sunnfjord Museum ligg ved Movatnet like aust for Førde sentrum og er ope heile året. Garden til kunstnaren Nikolai Astrup, Astruptunet, er berre 20 minutt køyring frå Campingplassen og er absolutt eit museum som er verdt å ta turen innom.

checkMat og drikke

Etter ein lang og innhaldsrik dag er det naturleg å ynskje å avslutte dagen med noko godt å ete. Sjølv om kokemoglegheitene i hyttene/leilegheitene er heilt topp og ein kan låne grill dersom ein ynskjer det, er det forståeleg dersom ein heller vil ete ute. Førde har fleire ulike restaurantar som skal kunne tilfredstille dei fleste smaksløkar og sansar. Spør betjeninga om meir informasjon og anbefalingar.

KONTAKT OSS IDAG FOR MEIR INFORMASJON.